PDF, 177 kB

Motlandsmarka barnehage
Månadsplan mars 2017
For: Grønn avdeling
Tema: Bygda vår - våren
Uke
Mandag
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
6
7
8
9
10
Leikegrupper
Hare:
Formingsaktivitet
Hare: Tur
Varm mat
På tvers grupper
Ekorn: Tur
10
Ekorn:
Formingsaktivitet
13
Eventyrsamling
14
15
16
17
Barnehagedagen
2017
Hare: Tur
Varm mat
På tvers grupper
Tema:
11
«Leik og leikens
tyding for
venskap»
Ekorn:
Bake på kjøkkenet
20
21
22
23
24
Lekegrupper
Hare:
Bake på
kjøkkenet
Hare: Tur
Varm mat
På tvers grupper
12
Ekorn: Tur
Ekorn:
Temasamling
27
28
29
30
31
Sangsamling
Hare:
Formingsaktivitet
Hare: Tur
Varm mat
På tvers grupper
13
Ekorn: Tur
Ekorn:
Formingsaktivitet
Mathias 4år
Postadresse:
Motlandshagen 5
4365 Nærbø
Internett:
[email protected]
ha.kommune.no
Telefon:
51436900
Organisasjonsnr:
916336101
Månadsbrev for grønn avdeling februar
Februar
Endå ein månad i det nye året har gått, og me gler
oss til å ta fatt på fyrste vårmånaden.
februar har vore ein månad med mykje kjekt på
avdelinga. Alle barna har vore på plass og det er
gøy. Me har hatt om yrker i barnehagen, og då me
har sett at barna på avdelinga har vore ekstra
interessert i brannmenn, har me konsentrert oss
om dette yrket. Me var så heldige å få koma ned på
brannstasjonen der me fekk treffe ein ekte
brannmann. Han viste oss rundt på stasjonen og
viste oss korleis brannmenn kler på seg når dei må
forte seg. Me fekk sitte inne i brannbilen medan
blålysa blinka, og sist, men ikkje minst, fekk me
prøve å spyle med brannslangen. Utruleg stas for
både barn og vaksne, og me hadde ein kjempetur
sammen. Me gløymde av tida og var vekke nesten
heile dagen 
Heime i barnehagen har me fått tak i ein del
brannhjelmer som me brukar i leik, og det er
mykje leik med desse. Me snakkar om brann og
kva me skal gjere dersom det byrjar å brenne, kva
brannmenn gjer når det brenn og me går på jakt
etter brann ute.
Me fekk endeleg litt vinterfølelse i februar med
mange minusgrader over fleire dagar. Sjølv om me
ønska oss veldig snø desse dagane, så hadde me et
par eksperiment med vatn som me fekk til å verte
is. Me tok farga vatn oppi to hanskar som me hang
ut i eit tre over natta for å sjå kva som skjedde. Den
var blitt heilt hard og kald og blitt til is. Me lot den
få liggje inne på avdelinga oppi ein boks og sjekka
den ofte, og til slutt var den blitt vatn igjen.
Merkelege greier, men så spannande. Prøvde det
same med ein boks me fylte med vatn og barna
fekk legge oppi nokre leiker. Satte den ut over
natta og når me tok den inn igjen dagen etterpå satt
alle leikene heilt fast i isen. 
Tur
Me fortset å gå på tur tysdager og onsdager, men
me byttar på dagane me går, slik at alle får vere
med på tur. Ekorngruppa (2014) går på tur på
tysdager og Haregruppen (2013) går på tur på
onsdager. Me ynskjer å vere klare til å gå kl 09.00,
og det hadde vore fint om barna som skal på tur er
på plass i god tid før dette. Dersom de ikkje rekker
dette, ynskjer me å få beskjed slik at vi kan avtale
eventuell møteplass.
Tema
I mars skal me ha om temaet «våren». Me kjem til
å sjå etter vårteikn når me er på tur, finne ut kva
som skjer i bygda vår når det byrjar å våres ute. Sjå
kva blomar som kjem opp og kanskje ser me nokre
insekter som tittar fram.
På tversgrupper
Dette er grupper på tvers av huset der alle som er
fødde same året er saman og har eit eige opplegg.
Harene har vore samla kvar fredag sidan i haust, og
frå mars skal Ekornene også vere saman. Dette for
å verte litt betre kjende på tvers av huset.
Fokus Ord
Vårteikn
Frø
Spire
Så
Informasjon:
 Mathias blir 4 år 29.3 – HIPP HURRA
 Sjekk barnas skifteklede. Nå byrjar vinden å
verte kaldare og me skal ha turar vekke frå
barnehagen. Sjekk at dykkar barn har nok
ekstraklede!
 Me ynskjer at alle klede skal vere merka
med namn slik at det er enklare for oss å
halde kontroll og at ikkje klede kjem inn på
feil avdeling. Me har ein tusj de kan låne på
avdeling som kan brukes på klede.
 Kvar torsdag et me varmmat til 10:30
måltidet på kjøkkenet.
 Telefonnr direkte til Grønn avdeling er:
99 43 39 70
 Me set pris på beskjed om barnet kjem
seinare enn kl 09:00, og dersom barnet er
sykt/tek fri. Er barnet vekke over lengre tid
er det fint med ein beskjed kvar dag og
ikkje berre fyrste dagen.
 Me føretrekkjer bleier med «vinger»
framfor up & go og vert lykkelige om det
innfris.
 I barnehagen tilbyr me alle tre måltidene og
ynskjer at barn ikkje har med seg yoghurt
eller liknande til frokost då det fort vert
sjalusi frå dei andre barna.
Med venleg helsing Simen, Evy Ann, Guri,
Aud, Elin og Jon Kristian