Åpne dokument

Elektrikar - Tilsynslag Nordland
Søknadsfrist:
Allsidig fagarbeider med elektrikarfagbrev og båtførerkunnskap Nordland - Kystverket
26.02.2017
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til
sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier,
navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda
dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til
myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og
regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret
for staten sin beredskap mot akutt forureining.
Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på
fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i
Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester
inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og
vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med
tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar.
Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten
fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i
fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.
Kystverket søkjer etter kyndig og allsidig elektriker med fagbrev.
Arbeidsområde i tilsynslag Nordland, DVs frå Rørvik i sør til Troms i nord.
Vi søkjer ein elektrikar med allsidig elektrobakgrunn som også har erfaring og innsikt innan andre håndverksfag.
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:
Kystverket
Ref. nr.: 3340180108
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 3
Kontaktinfo:
Liv Sundgot Johannsen
Rådgjevar
993 42 985
[email protected]
tverket.no
Ingrid Johnsen
Prosjektleiar Nordland
400 45 709
[email protected]
no
Søkjekriterium:
Tilsynslaget er til vanleg 2-4 fagarbeidarer allsidig samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige
oppdrag innan vedlikehald og drift.
Stad
Sandnessjøen
Hovudoppmøtestad for tilsynslaget i Nordland er hhv Sandnessjøen/Kabelvåg/Svolvær.
Bransje
Stat
Tilsynslag har arbeidstidstidsordning etter eigen særavtale. Arbeidsperiodane er til vanleg 3 veker arbeid med
påfølgjande friperiode. Det er sett opp årleg plan på arbeidsperioder.
Fagfelt
Bygg/anlegg/VVS
Elektronikk
Tilsynslaga har base på land og tek seg fram i småbåt eller bil.
Ein må pårekne å vere borte heimafrå heile arbeidsperioden.
Varierte oppgåver utandørs heile året.
Rolle
Rådgivar / Medarbeiar
Arbeidsstad:
Arbeidsoppgåver
8800 Sandnessjøen
Sjølvstendig arbeid som elektrikar på navigasjonsinnstallasjonar.
Elektrikar tek del i allsidige oppgaver som ein del av tilsynslaget sitt arbeidslag, også det som ikkje er
elektrorelatert.
Allsidige og utfordrande oppgåver innan tilsyn, drift, installasjon og vedlikehald av
navigasjonsinnstallasjoner og Kystverket sine eigedommar.
Alle på laget må vere båtkyndige og kunne navigere også i mørket.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som elektrikar (tilsvarande Gr.L.).
Heile arbeidslaget må vere gode båtførarar. Det er ynskjeleg at søkjar har sertifikat som fritidsbåtskipper D5L
samt ROC- og sikkerhetskurs. Motorkompetanse er ynskeleg.
Må kunne arbeide i høgda og klatre i stolpar
Erfaring og kompetanse frå andre handverksfag er ynskjeleg og vert prioritert.
Søkjar må beherske bruk av IT-verktøy
Det krevjast god fysikk og helse. Søkjar må tilfredsstille krav for å få sjømannsattest.
Utdanningsretning
Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
Utdanningstittel: Fagarbeidar
Utdanningsnivå
Fagbrev
Vis arbeidsstaden på eit
større kart
Personlege eigenskapar
Allsidig erfaring innan ulike fagområder.
Sjølvstendig og initiativrik
Løysingsorientert og kunne tilrettelegge arbeidet
Gode samarbeidsevner
Kunne bidra til gode rutiner og holdningar til HMS i alt sitt arbeid
Språk
Norsk
Vi tilbyr
Elektrikar er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar, lønnsplassering i statens regulativ, dvs kr 385
400 - 408 700.
Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med
arbeidsperiodar med lengre dagar og friperiodar. I arbeidsperiodane må ein pårekne at ein ikkje kjem tilbake til
basen.
Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.
Arbeidstakar i tilsynslag har særaldersgrense på 65 år.
Fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.
Kystverket er IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste.
På bakgrunn av personalpolitiske mål om at arbeidsstyrken skal spegle den generelle samansettinga av
befolkninga, vert alle kvalifiserte oppfordra til å søkje uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.
Tiltreding snarast.
Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysninger i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg
som søkjar. NB! Ikkje e-post.
Andre opplysningar
Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben