Les meir.. - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Nr. 2 I juni 2014 I 42. årgang
God sommar!
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm
Bankgiro: 3720 30 15063
Frå 4-årssamling i Stedje. Foto: NEB.
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal.
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
LEIAR:
Gjevarteneste
Beredskapsteneste i Sogn:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74.
Kva er gjevarteneste? Me tenkjer vel
ofte på at me då gir pengar, men det
kan også vere av vår tid og merksemd.
I diakonihjørna kan du lese meir om
det å gi. Pengar er ikkje alt seier
me, men me er heilt avhengige av
å ha dei for å få utretta ein del ting.
Slik er det for oss privat, og slik er
det også i sokneråd og fellesrådet.
Fellesrådet får overført driftstilskot
frå kommunane og dette utgjer dei
største inntektene til fellesrådet.
Om kvart kyrkjemedlem hadde
gitt kr. 600,- i året til fellesrådet so
hadde det tilsvara driftstilskotet
frå kommunane. Då kunne me ha
dobla inntektene, og tenk på alt me
kunne fått til! Eg veit at mange av
dykk allereie gir mykje til arbeidet
i kyrkja. Berre i Stedje kyrkje er
det samla inn mange tusen til nytt
teppe og til orgelrestaureringa. Og
de betalar bladpengar og ofrar når
de er til gudteneste, men eg vågar
meg til å utfordre deg til å gå inn i
ei fast gjevarteneste i kyrkjelyden.
Du kan sjølv seie noko om kva
pengane skal gå til; utstyr i kyrkja,
til arbeidet blant born og unge eller
Bladpengar: kr. 300,- pr. år,
kr. 400,– for abonnentar.
Foto på framsida:
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune. Det
er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste blad kjem ut omlag
16. oktober.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 16. september 2014.
andre utoverretta oppgåver som
det elles blir lite pengar til når alle
lønningar,
straumrekningar
og
forsikringspremiar er betalte. Gåver
til Den norske kyrkja kjem også inn
under ordninga med skattefrådrag,
men for at du skal få det registrert
på sjølvmeldinga di må fellesrådet
som mottakar rapportere gåvene til
skattemyndigheitene.
Dette nummeret handlar mykje om å
gi. Les den tankevekkande artikkelen
om eit møte mellom menneske.
Tid og pengar er flotte gåver, men
den største gåva Gud kan få, er hjarta
vårt. Gud gav son sin for at kvar den
som trur på han skal få evig liv. Ingen
ting kan difor gleda Gud meir enn eit
menneske som trur på han!
Gå ut og gled deg er helsinga du får
gjennom andakten denne gongen!
God sommar!
Magny Ugulsvik Bukholm
Frå undringstime for 4-åringane i Stedje. Konfirmantar i Stedje.
Frå Babysong i Stedje kapell. Alle foto: Nils Einar Berget
Ill.foto frå Morguefile.com
2
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
REDAKTØR
Nytt frå kyrkjeverja
Samarbeidsprosjekt for kyrkja i
Sogndal og på Leikanger
Som fleire av dykk kjenner til har
me hatt eit samarbeid mellom
Sogndal og Leikanger om felles
fellesråd og administrasjon sidan
sommaren 2010. Til å byrje med
var det eit forsøksprosjekt som
varte til 2012, men som vart forlenga fram til 01.07.14. Forsøksperioden går no snart ut, og me
har i vår hatt ei evaluering og ein
prosess der me har vurdert framtida for dette samarbeidet. Det
har vore gode tilbakemeldingar
på samarbeidet både frå publikum, tilsette og kommunar. Etter
ei samla vurdering, med mellom
anna soknemøter på saka i alle
sokn, fatta fellesrådet til slutt eit
vedtak om at dei ynskjer at dette
samarbeidet no vert gjort permanent. Det er til sjuande og sist
kyrkjedepartementet som avgjer
slike saker, og søknad om permanent samarbeid etter kyrkjelova
sin paragraf 14 er sendt. Truleg
får me svar på dette snart, og
mykje talar for at dette også vert
godkjent.
Dette samarbeidet trur me også
vil gjere oss betre rusta til å møte
endringar i tida som kjem. Mykje
talar for at det vert endringar i
kommunestrukturen her i landet,
samt at me veit at det også er ein
diskusjon som går om framtidig
organisering av Den norske kyrkja.
Samarbeidet mellom kyrkja i
Sogndal og Leikanger har i store
trekk vore slik:
Samarbeid om:
•Felles fellesråd for begge kommunane
•Felles administrasjonsutval
•Felles arbeidsgjevaransvar for
dei fellesrådstilsette
•Felles kyrkjekontor og administrasjon
•Felles trusopplæringsnemnd og
trusopplæringsområde
•Felles heimeside
Organisering av samarbeidet:
•Eitt sokneråd pr. sokn - 5. stk.
•Fellesrådet er samansett av ein
representant frå kvart sokneråd,
ein representant frå kvart kommunestyre, og ein representant
frå prestane; alle med personlege varamedlemar. Kyrkjeverje
er sekretær for fellesrådet.
•Kvar kommune dekkjer utgifter
til kvar sine kyrkjer. Utgifter til
løn og administrasjon er fordelt
etter avtale basert på innbyggjartalet i kommunen
•Felles rekneskapsføring for det
samla fellesrådet
•Felles kyrkjekontor på Stedjetunet i Sogndal med kontortid kvar
kvardag
Tårnet på Stedje kyrkje
De vil truleg oppdage eit stort stillas som vil dekke tårnet no i sommar. Diverre vart det oppdaga lekkasje i taket på tårnet på Stedje
kyrkje før jul i fjor. Dette fekk me
heldigvis tetta midlertidig, men
må få gjort det skikkeleg no i sommar. Vestlandshus Sogn har fått
jobben med å få tetta i sløysene
mellom tårntaket og arkane på
tårnet. Det er i desse at lekkasjen
har oppstått. Det har vore jobba
mykje med å finne ut av årsaka til
dette, og Riksantikvaren er også
inne i biletet når noko slikt skal
gjerast. Me håpar at kyrkja vil vere
tett og fin når sommaren er over.
Endringar i arbeidstokken
Det vert nokre endringar i staben
framover.
Stillinga som sokneprest for
Stedje og Kaupanger vart lyst ut,
og Bispedømekontoret hadde tilsetjing der no i vår. Me er glad
for å kunne melde at Kjell Olav
Høstaker Nordheim fekk tilbodet
og har takka ja til stillinga. Han vil
byrje i jobben i august.
Stillinga som spesialprest for
born og unge har også vore utlyst
(Stillinga som Kjell Olav Høstaker
Nordheim kjem frå). Bispedømekontoret vil ha tilsetjing i den stillinga i slutten av juni, og me ventar
difor spent på kven som vil få den.
Samtidig har me i desse dagar
søknadsfrist på stillinga vår som
leiar for trusopplæringa i Sogndal
og Leikanger. Me håpar på mange
gode søkjarar, og på tilsetjing der
no i løpet av sommaren.
Truleg vil det også bli endring i
stillinga som kyrkjetenar i Norum.
Denne stillinga er ikkje utlyst
enno, men Nils Einar Berget har
sagt seg opp i stillinga. Vonleg vil
det også vere ein ny kyrkjetenar
på plass der til hausten.
Det blir difor ein spanande haust å
gå i møte med «nye fjes» i staben,
men dette gleder me oss til!
Til slutt vil eg ynskje dykk alle
ein retteleg god sommar!
Jorunn Merete
Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
3
- OG EG ER MED!
Frå boka om Sakkeus, utgitt av IKO-forlaget.
“Babels tårn”. Foto: Gunn Haugen.
Babel og babling (og lakris) i Nortun
Det var høg bablefaktor når 4- og 6-åringane blei inviterte til
kyrkjelydsfest i Nortun i januar.
14 born møtte opp og sørgde for
god stemning og mykje lyd. Det
må vere ny verdsrekord viss ein
tek årskullet og plassen i betraktning!
Kyrkjelydsfesten er eit årleg arrangement i Norum kyrkjelyd.
4- og 6-åringar vert spesielt inviterte – sidan dei fekk bok førre
år. Men det er óg ope for litt eldre
born.
Trusopplæraren var med og fortalte ei bibelhistorie frå 4-årsboka. Den handla om ein mann
som heitte Sakkeus (han fyren
som klatra opp i eit tre). Sakkeus
var ein mann som hadde gjort
mange tåpelege ting. Han stjal
4
nr. 2-14
mellom anna pengar frå folk.
Difor vart han mislikt av folk.
Men Jesus ville gjerne vere saman med Sakkeus, og tok difor
turen på middag. På den måten
viste Jesus at han ville vere ven
med Sakkeus. Denne opplevinga
gjorde noko stort med Sakkeus.
Han ville ikkje lenger leve på
same måten som før. Denne
historia viser oss at me alltid kan
kome til Jesus. Og trusopplæraren meiner at vaksne treng å
lære denne leksa like mykje som
born. Han brukte og litt tid på å
oppmode foreldre og fadrar til å
bruke boka saman med borna.
Etterpå fekk borna fylle magen
med den delikate retten som på
SOGNDALkyrkjelydsblad
folkemunne heiter «pølse med
brød». Ketsjup var der óg. Nokre
av «nøredn» ville til og med ha
sennep på pølsa (dei om det!).
Etterpå det igjen var det tid for
nokre leikar og konkurransar.
Babels tårn vart gjennoppbygd,
men blei heldigvis rivd ned at.
Elles imponerte nokre av dei
vaksne i spise-lakris-fortastmogleg-konkurransen. Trusopplæraren vart regelrett snurt, da
han trudde han hadde sigeren.
Med salt lakris hadde det gått
mykje fortare. Trusopplæraren
oppmodar alle til å legge seg i
hardtrening til neste år.
Nils Einar Berget
Tekst og foto
Underleg undringstime for
4-åringane
Ein person som har musikkutdanning kan analysere eit
musikkstykke. Men det betyr
ikkje at han har opplevd musikken. Han kan bli så oppteken av
detaljar at han gløymer heilskapen. Av og til er det viktigare
å kunne leve seg inn i noko, enn
å analysere det. Og dei som kan
analysere, kan risikere å miste
heile opplevinga.
4-åringar i Stedje, født 1. halvdel i 2010. Foto: MUB
Slik er det òg med trua.
Av og til kan hjernen vår hindre
oss i å gripe den gode bodskapen. Av og til kan undring vere den
beste måten å forstå på. Dette er
viktig i trusopplæringa i kyrkja.
Kristen opplæring handlar ikkje
berre om å lære mange svar.
Det handlar òg om å undre seg.
For det er nemleg ein del sider
av kristendommen som ein bør
la seg fascinere av ved å berre
stirre på dei. På same måte som
utsikta frå Store Skagastølstind
bør nytast ved å berre stirre
rundt omkring seg, så er det og
ein del ting i kristendommen som
ein rett og slett må stoppe opp
og ta seg tid til å undre seg over.
Nokre ting skal forståast, medan
andre ting skal sjølv få skape eit
inntrykk – eller undring - i oss.
Bli nysgjerrig på å høyre meir.
Oppleve venskap og
fellesskap i samlinga.»
Me syng nokre enkle songar
saman med borna, leikar dåp,
tenner lys m.m. Det verkar som
både foreldre og born har trives
godt med samlinga. Då er i alle
fall eitt mål nådd!
Nils Einar Berget
Tekst og foto
Kyrkja har difor noko som heiter
undringstime. Det er eit opplegg
som fireåringane blir inviterte til
i forkant av fireårsbokutdeling.
Trusopplæringsplanen seier om
samling at borna skal få kjenne
seg:
«Størst i Guds rike: Sett,høyrt og
teken på alvor! At forteljingane om
Jesus gir glede, trøyst og oppmuntring.
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
5
Gudstenester med
konfirmantane
Foto: MUB
6
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Frå Kaupanger. Foto: Kirsten Anny Amledal.
Årsfest
I alle sokn er det kvar vår årsmøte/årsfest/soknemøte der alle i kyrkjelyden kan
få uttale seg om viktige saker. Soknerådet legg fram årsmelding, rekneskap,
budsjett og planar for vidare arbeid.
Kaupanger sokneråd inviterte til
årsmøtefest 2. april og Stedje sokneråd
3. april.
Damene i Kyrkjeringen sytte for vårpynta lokale og god servering. Foto: MUB.
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
7
Konfirmantar
2014
Påmelding til
konfirmantåret
2014-15 er via
www.sogndal.kyrkja.no
KAUPANGER 29.05.:
1. rekke (frå venstre): Miriam Fosøen, Eirin Teigen Volle, Ingrid Olstad, Hanne Senneset Aaberge, Ida Myhre Nornes, Dina Beate Lerum,
Trine Yttri Fossøy, Hrafnildur Ósk Sverrisdottir, Frida Bøthun, Anne Mariell Breisnes.
2. rekke (frå venstre): Gitte Therkelsen Torstad, Glenn Erik Havnen Flåten, Gabriel Cuitlahuac Mendez Ness, Ole Kristian Havnen Flåten,
Sondre Hagen, Andreas Sannebro, Simen Solbakken Skjerven, Roger Wathne Foss, Helge Torstad.
3. rekke (frå venstre): Ørjan Løypestrand, Eirik Andreas Albretsen, Trygve Lefdal Jensen.
Foto: Fotograf Sviggum
8
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
STEDJE 10.05. og 11.05.:
1. rekke framme frå venstre: Hanne Synnøve Eide, Aila Øvstetun, Silje Marie Foss, Silja Nesse Ellingsen, Karianne Ylvisåker Mo,
Cecilie Eggum Lerum, Andrea Wictoria Weka, Thea Wigum, Andrine Thomassen Øvreseth, Leni Holum Kjøstvedt, Nora Buvik.
2. rekke (f.v.): Tora Elisabeth Hovland, Miriam Svendsen, Ingrid Nordheim, Emilie Raunehaug Erlandsen, Vilde Lindblom,
Marthe Flo, Marte Elise Stølen, Marte Bjelde Hjelmhaug, Oda Borlaug Kjønås, Anna Foss, Synne Veum, Emilie Fredheim Vidby,
Maren Lucie Hofslundsengen, Tora Uglum Lindstrøm, Vilde Ylvisåker Førre.
3. rekke (f.v.): Nils Einar Berget, Helge Torstad, Kjetil Bruheim Gurvin, Sondre Anda Skjæret, Håvard Sanden, Eivind Nymark Sognnes,
Håvar Eggum, Erlend Refsdal Thiem, Peder Andreas Torgersen Øyre, Andreas Flåten, Gjest Ingeson Kvåle, Oddbjørn Litlabø,
Adrian Hagelin Gjermundstad, Kjell Olav Nordheim, Andreas Svendsen Hjelme.
4. rekke (f.v.): Preben Nymark, Jørgen Hovland Mo, Endre Nesse Hillestad, Kristian Skei Veum, Johannes Kollsete, Eirik Stedje,
Lars Ove Dulsvik, Torstein Kjørnes
5. rekke (f.v.): Kristian Bergheim Rutlin, Andreas Lerheim Olsen, Sander Sjøvoll Nyheim, Eirik Håvik, Joakim Skrede Skjeldestad,
Simen Selseng Salte, Magnus Håvik, Erlend Kvåle Holme, Jonas Risnes Øyre, Johann Sebastian Weinbach.
Foto: Fotograf Sviggum
NORUM 25.05.:
Framme frå venstre: Gunvor Einevoll Fimreite, Jorunn Davidsen Fimreite,
Ragnhild Tyssebotn, Embla Engesæter, Julie Øvretun
Bak frå venstre: Presten Egon Askvik, Roar Nornes, Ørjan Hjelmeland Øyrehagen.
Foto: Fotograf Sviggum
FJÆRLAND 08.06.:
Vegard Skeide.
Foto: Nils Skeide
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
9
Fjærland
ule
Gospelklubben
Ving
k
s
s
g
barnemisj
a
d
n
St
ø
ed
je
s
sø
nd
ag
on
Miniklubben
e
ss
ku
t
le
e
Nots
ule
Gjesthaugen søndagssk AMIGOS-klubben
Innblikk
Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i kyrkjelydane våre. Mykje godt arbeid vert drive, med
sikte på å gi barn og unge ein stad der dei kan høyre Guds ord forkynt og vekse i trua på Han. Samarbeidet mellom organisasjonane og kyrkja er difor svært viktig for at ei systematisk trusopplæring kan skje i kyrkjelydane våre.
Kyrkjelydsbladet ynskjer å gje eit innblikk i dette arbeidet.
INNBLIKK I:
AMIGOS-klubben i Norane
BBarnegospelen BBa
Amigos-klubben er ein barne- og ungdomsavdeling under Normisjon.
Klubben i Norane er for born i alderen 5-12 år og starta
16.10.2003. Samling er på Norane oppvekstsenter
annakvar torsdag frå kl. 17.30-19.00.
Underteikna var på besøk i klubben torsdag 06.03.
og fekk då møte både born, føresette og leiarar.
Margrete Haug fortalde litt om klubben før borna
kom. «På første møte i klubben 16.10.2003 møtte
24 born. Frammøte har variert gjennom åra og no
er det om lag 12-15 born på kvar samling. Kvelden
startar med song, og ein held fram med andakt,
hobbyarbeid, mat og utlodding til inntekt for
Normisjon sitt arbeid.»
Første bilete:
Dei vaksne er klare til innsats.
Frå venstre Margrete Haug, Anne Kristin Gunvordal,
Ester Norheim og Signy Fardal.
Margrete, Anne Kristin og Signy har vore med frå
starten, Ester kom med for om lag to år sidan. Signy
har alltid med ferske bollar, noko alle set stor pris
på.
Andre bilete:
Samlinga starta med song.
Ester spela gitar og vi hadde besøk av Lindiwe, ein
student frå Zambia, som var med og lærde borna ein
ny song.
Anne Kristin brukte flanellograftavla og fortalde om
Jesus, Lasarus, Marta og Maria. Borna var rolege og
interesserte. Særleg vart «å salve Jesus sine føter
med velluktande salve» konkretisert ved at ei krukke
med «velluktande salve» vart sendt rundt slik at alle
fekk lukte.
Tredje bilete:
Hobbyarbeid denne kvelden var å lage «den vesle
bibelen».
Ein fin kveld som vart avslutta med gode bollar.
Gunn Fondenes
Tekst og foto
10
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
11
Kyrkjelydsfest i Nortun
Sundag 16. mars hadde
soknerådet i Norum bedt
inn til samkome og fest i
Nortun. Det var svært mykje
folk og ein måtte dekke
ekstra. Kjekt!
Leiar i soknerådet, Rønnaug Dahl,
ønskte velkommen. Konfirmantane
i år var særleg innbedne, det same
var fjorårets konfirmantar.
Program:
•Allsang frå heftet, ved orgelet
Arild Slinde.
•Song av AMIGOS
•Dagens tekst v/ Edith Flatland.
•Andakt v/ Egon Askvik «Kjemp for
det du trur på, ikkje gje opp
håpet».
•Konfirmantane las tekst og dramatiserte forteljinga om den
barmhjertige samaritan.
•Song av Norum Songlag med dirigent Oddbjørn Ramstad.
•MATØKT med kaffi, te, saft,
«paosmurt» dvs. gode skiver og
blautkake, servert av soknerådet
og konfirmantane i 2013.
•«Pause-underhaldning» ved Egon
og konfirmantane.
•Sal av lodd og loddtrekning.
•Årsmelding v/Ingunn Marie Myren.
Årsmeldinga ligg på heimesida til
kyrkja.no
Konfirmantane fekk kvar sin blom
frå soknerådet og Edith orienterte om innsamlingsaksjonen til
Kirkens nødhjelp m.m.
Gunn Fondenes
Tekst
Foto: Egon Askvik
12
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Diakonihjørna:
«Kan eit menneske stela noko frå Gud?»
Menneska som samla seg i kyrkjelydar i landa rundt
Middelhavet i tida etter Jesu oppstandelse, etablerte
ordningar for det meste. Gudstenestene var då, og
er framleis teneste for både Gud og medmenneske.
I fellesskapa skulle alle bli ivaretekne, og menneska
sto i nære forhold til kvarandre, ikkje minst fordi dei
hadde ansvar for tilhøva for sin neste.
(Mal.3.8).
Det er ei teneste som er høgst naudsynt. I kyrkjene
våre samlar vi inn pengar som ein del av kyrkja si
forbøn for andre menneske. Vi tek opp offer nesten
kvar søndag, der desse ofringane vert fordelt
mellom ulikt arbeid som organisasjonar med
grunnlag i den kristne trua, driv. Vel halvparten av
ofringane går til det arbeidet som kyrkjelydane driv,
for born, ungdom og voksne.
Å leve ut trua var og er, å vere praktisk. Den praktiske
Vi ynskje på sikt å styrke arbeidet i kyrkjelyden, slik
trua, diakoni, er ei side ved kyrkja sitt liv som kyrkja
og kyrkjelydane ikkje kan vere utan.
at fellesskapet kan møta ulike behov som er rundt
oss. Vil du vere med som fast gjevar? Akkurat no er vi
i ei startgrop- vi vil kome med konkret informasjon
• I kyrkjelydane hadde nokon ansvar for å samle
seinare gjennom kyrkjelydsbladet om korleis fast
inn mat og dele ut til dei fattige.
givarteneste er tenkt. Men om du vil kan du allereie
• Prestar og andre lærde forkynte og underviste.
• Nokon samla inn pengar som skulle nyttast til ulikt no melde deg om dette er noko for deg.
arbeid i kyrkjelyden.
• Nokon var vertskap og husa forkynnarar som kom Vi vert ikkje fattige av å gi - både gåva og vi vert
på besøk.
velsigna av Han som har gitt oss alt. Å vere med å gi
• Nokon hadde bøneteneste.
skapar ei overflod av takk til Gud.
• Andre hadde ansvar for lovsong og bruk av instrumentar i kyrkjelyden.
Bibelens ord seier mykje om pengar og gjevarteneste
– og kvifor vi skal tenkje over vårt forhold til dette:
Samla utgjorde dette kyrkjelyden sitt fellesskap,
«Hald syskenkjærleiken levande! Lat ikkje kjærleik til
og alle tenestene var naudsynte for å oppretthalde
pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har»
fellesskapet. Ikkje ein einaste var overflødig, det var
(Hebr. 13.1.5a).
bruk for alle!
Kyrkjelydane i dag er bygd opp på same vis – ulike
oppgåve skal løysast av forskjellige menneske i
fellesskapet- ikkje ein er overflødig!
Soknediakon
Gitte Th. Torstad
Eg markerte særskilt; samla inn pengar - det var det
eg ville ha fram denne gongen!
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
13
Intervju med Kjetil Netland
Kyrkjelydsbladet har starta ein serie med intervju der me mellom anna stiller spørsmål
om kyrkja si rolle i lokalsamfunnet. Denne gongen har me utfordra prosten.
• No har du vore prost i ¾ år. Korleis trivst du i stillinga og i Sogn?
Eg trivst godt med å vere leiar for
flinke medarbeidarar. Dei gjer
tenesta si med stor innsats og tek
bodskapen og menneska på alvor.
Det er spennande å få vere med å
utvikla denne viktige tenesta vidare.
• Kva tankar har du om kyrkja si
rolle i lokalsamfunnet?
Framfor alt er kyrkja eit talerøyr for
Gud til den einskilde av oss og til
fellesskapen. Me skal formidle trua
på at Gud skapar livet og alt vi ser
rundt oss. Me skal vitna om at Gud
bryr seg om oss, at han sende Son
sin til verda for å berga oss og gje
oss nytt liv. Når det skjer ulukker og
vonde hendingar, treng me å søke
hjelp og trøyst hjå Gud. Og så har eg
tru på at me har viktige verdiar som
det norske samfunnet må bli minna
om, ikkje minst når det gjeld menneskeverd, forbruk, rettferd og å ta
vare på livsmiljøet. Kyrkja byggjer
desse verdiane på trua på Gud. Og
så er det ei stor oppgåve å formidle
håp til ungdomane våre.
• Har du tankar om korleis me
kan inkludere endå fleire i gudstenestefellesskapen?
Det viktigaste er at folk opplever at
gudstenesta har noko å gje dei, at
det er ekte, Gud-vendt og jordnært.
Så har det sikkert mykje å seie at det
er ei form og eit språk som kommuniserer godt. Dessutan er det viktig
at folk opplever at dei høyrer til i fellesskapen, at dei vert rekna med.
• Er det noko du har lyst å seie til
lesarane av kyrkjelydsbladet?
Me skal vere stolte over trua vår.
Me eig ein arv i kyrkja som det er
avgjerande at vi tek vare på og gjev
vidare til born og ungdom. Jesus
Kristus har gjeve livet sitt for oss.
Han har sigra over døden si makt
og deler den sigeren med alle som
14
nr. 2-14
trur på han. Det må me aldri slutte å
minne kvarandre om. Og så skal me
ta trua på Gud på alvor i kvardagen,
prøve så godt me kan å omsetje dei
verdiane me trur på, i praktisk handling.
MUB
Tekst og foto
Leir – sjølv for fotballfanatikarar
Årets høgdepunkt for born
mellom 11 og 13 år skjer på
Lyngmo frå 11.-14. august. Då
lagar nemleg trusopplæringa i
Sogndal, Leikanger og Luster
ein litt annleis leir. Den heiter
Pangstart og gir deg gode opplevingar og mykje moro før
skulen (endeleg) startar igjen.
For spørsmål og påmelding:
kontakt Lyngmo,
[email protected]
Tel: 57 68 43 66
Brosjyre og film finn du på
sogndal.kyrkja.no
Men før me snakkast, må det
presiserast at det er mogleg å
delta på leiren sjølv om ein er
på fotballskule. Me tek ansvaret for å organisere køyring.
SOGNDALkyrkjelydsblad
VELKOMMEN PÅ LEIR!
Denne våren har det ein god del dagar vore tiggarar som har sete på gata ulike stader i Sogndal
sentrum. Truleg er dette for første gang på svært mange år, og då vert dette heilt nytt for dei fleste av
oss å sjå dette i lokalmiljøet. Samstundes har politikarane våre diskutert intenst om tigging skal vera
forbudt i Noreg eller ikkje. Det er mange nivå i ein slik diskusjon. Og det er skilnad på storsamfunn,
lokalsamfunn og møte mellom einskildmenneske. Men kva skal vi gjera? Kyrkjelydane har i lang tid
vore engasjert i medmenneskeleg naud, tydelege døme er lokal diakoni og Kirkens nødhjelp som «er
der i katastrofen». Men kva når nauda og behovet vert synlege rett framfor oss? Tigging på open gate
i lokalsamfunnet er ein ny situasjon, og derfor må me kanskje gjera noko nytt. Nett no har me fleire
spørsmål enn svar. Men me tykkjer at dei tankane Hanne Veum deler i stykket ho har skrive, er vel verdt
å ta inn over seg.
Kjell Olav Høstaker Nordheim og Gitte Th. Torstad
Møte mellom menneske
I dag møtte eg nokon som kjem frå
ei heilt anna verd enn den verda
eg kjenner. Ein ung gut i 18-20 års
alderen sto utanfor eit kjøpesenter
med ein bunke magasin som han
forsiktig og høfleg baud fram til dei
som hasta forbi. Absolutt alle gjekk
forbi utan å ense han eller gje respons tilbake. Eg fekk gjort det eg
skulle og planen var å haste vidare
til neste ærend i den travle kvardagen dei fleste av oss har. Guten sto
på same plassen når eg kom ut.
Eg kjende eit vondt stikk i hjartet
når eg såg at han fortsatt sto der
utan å få selt noko, men ei indre
stemme formana meg om at eg
absolutt ikkje skulle bry meg eller
engasjere meg på nokon måte. Eg
hadde klart eit avvisande uttrykk
når eg skulle passere «tiggaren»
som den indre stemma kalla han.
Guten såg opp og smilte forsiktig til meg. Han hadde eit aldeles
nydeleg smil, men det var dei triste
augo som trefte hjartet mitt og
gjorde at eg likevel ikkje kunne gå
forbi han.
Eg stoppa og prata med han om
magasinet han selde for 100
kroner. Han snakka litt engelsk så
vi kunne føre ein enkel samtale.
Han fortalde meg på sitt haltande
engelsk at han var frå Romania
og at han var eldst av sju søsken
og skaffa pengar til å forsørgje
familien ved å selje gatemagasinet
«Folk er folk». Eg hadde to hundrelappar i lommeboka og ga han
dei for magasinet, og då han ville gi
meg den eine hundrelappen tilbake
sa eg at den var til han spesielt.
Han såg på meg og sa «God bless
you».
Eg kjem aldri til å gløyme guten
med det nydelege smilet og dei
triste augo. Ikkje berre fordi eg
tykte synd i han som måtte stå ute i
all slags vær og by fram eit magasin nesten ingen av dei betrestilte
som hasta forbi ville kjøpa, men
også fordi det er så grunnleggande
feil at nokon skal ha for lite mens
andre har meir enn nok.
Det er ein djup og vid avgrunn
mellom mi verd og verda til denne
unge guten som eg møtte i dag, og
denne avgrunnen er forferdeleg
urettferdig. På den eine sida heiter
avgrunnen fattigdom og på den
andre sida heiter den velstand. Vi
som høyrer til på velstandssida
har alt vi treng og lir ikkje nød, dei
som er på den andre sida manglar
nesten alt for å klare seg i kvardagen. Denne guten kan ikkje gå på
skule for å få kunnskap og skape
seg ei framtid med arbeid, i staden
sel han gatemagasin for at familien
skal ha mat. Han er deira einaste
håp. Det triste er at sjansen er stor
for at han blir fanga i ei fattigdomsfelle i ein evig sirkel utan moglegheit til å komma seg ut av det.
Når eg gir han pengar bidreg eg
også på ein måte til at han blir i
denne fattigdomsfella. Som den
opplyste personen eg er veit eg at
det beste er at fattige får hjelp i
eige heimland til å komma i jobb
og klare seg sjølv, at vi tek tak i
problemet ved rota i staden for å
drive brannslukking. Samstundes
veit eg også, som ein opplyst person, at det finnes land og folkegrupper som ikkje har desse moglegheitene. Det er ikkje så enkelt
at han berre kan reise heim og få
seg ein jobb. Kva ville du gjort viss
du hadde mindre søsken og sjuke
foreldre som alle ville svelte og
fryse om du ikkje kunne forsørgje
dei på ein eller anna måte? Mange
av oss ville nok også selt gatemagasin om vi var i ein slik desperat
situasjon. I ein situasjon der ein
lever «frå hand til munn» frå dag
til dag for å dekke heilt grunnleggande behov som mat og varme er
det ikkje rom for å tenkje langsiktig, då handlar det rett og slett
om å overleve denne dagen og den
neste...
Dette møtet var ei sterk påminning om kor heldige vi er som bur i
dette landet med så mange moglegheiter til å få eit godt liv frå vi
blir fødde til vi døyr, og at vi ofte er
lite flinke til å setje pris på det vi
har. Kanskje vi alle litt oftare burde
rette blikket over til den andre sida
av avgrunnen som står mellom
oss som har og dei som ikkje har?
Det var han, frå den andre sida der
dei har så lite, som ga den største
gåva i dette møtet. Difor er eg glad
for at eg spontant svarde han «God
bless you too».
SOGNDALkyrkjelydsblad
Hanne Veum
nr. 2-14
15
Alpha-kurs i Sogndal
til skogene i Birkenes, har i det meste av sitt yrkesaktive liv arbeidet som frilanser
Livet utfordrar oss, og vi møter mange vanskelege spørsmål; om det er noko meining med
innenfor tekst og musikk. Som tekstforfatter og komponist har han levert atskillig
alt, om døden, om Gud – og kven er no eigentleg denne Jesus?
stoff både til andres og eget bruk, samtidig med en omfattende
somhet. http://torethomassen.no/om-tore-t/
Mange vel å leve åleine med sine spørsmål, for andre
kjem det tider då det er nødvendig med eit svar som er
til å stole på.
Alphakurset si målsetjing er å skape ei trygg ramme
deråvilæra
kan snakke
om desse
tema.
til
oss songar,
og det
vert konsert på laurdags etterHausten 2014 er det Alphakurs i Sogndal.
middag
evt. tidleg kveld.
Oppstart 11. september kl 19:00, med 10 vekentlige
samlingar og ein Alpha-weekend (24.-25. oktober).
Etter dette reiser Tore til
Leikanger
derdeltakarane
han skal vera
På kurset blir
delt inn i grupper på 8-10
personar,
som11-åringane
skal vere ilag gjennom
kurset. Ein kveld
saman
med
på
byrjar
med
at
alle
er
saman
til
felles
kveldsmat
og unLys Vaken og gudstenesta
dervisning.
Deretter går vi i gruppene. Kvar gruppe har
dagen
etter.
to leiarar, som skal syte for ein god og open samtale!
Tidsramma for ein kveld er 19:00-21:30.
Me gler oss veldig til å ta imot
Tore
oger
Barbro
Thomassen
i
Kurset
lagt til
Sogndal Indremisjonsforsamling
Sogn
desse
dagane!
(SIM) sine
lokale,
Granden 23. Frivillig kursavgift på 350 kr (inkludert kursmateriell
og kveldsmat. Ikkje weekend.)
Påmelding og spørsmål til John Torjus Eriksen (Forsamlingsleiar SIM), [email protected], 99045506.
Velkommen!
Arr.: Stedje sokneråd, Normisjon, Frelsesarmeen og
Sogndal Indremisjonsforsamling
16
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Alphakurs i Sogndal 2014 -­‐
Oppstart 11.september kl 19:00 konsertvirk-
Second Sacred Concert
til skogene i Birkenes, har i det meste av sitt yrkesaktive liv arbeidet som frilanser
I Stedje kyrkje, søndag 23. mars, med Sogndal Storband, Kaupanger Bygdakor, Hafslo
innenfor tekst og musikk. Som tekstforfatter og komponist har han levert atskillig
Songlag og Diccon Pearce. Det var Duke Ellington som var på programmet denne kvelden.
stoff både til andres og eget bruk, samtidig med en omfattende
somhet. http://torethomassen.no/om-tore-t/
konsertvirk-
til å læra oss songar, og det
vert konsert på laurdags ettermiddag evt. tidleg kveld.
Etter dette reiser Tore til
Second
Sacred
er vera
ein av i alt tre kyrkjekonLeikanger
derConsert
han skal
sertar
storband
og kor som
samanfor
med
11-åringane
på Duke Ellington skreiv
mellom 1965 og 1973. Verket vart ferdig i 1968 og vart
Lys Vaken og gudstenesta
første gong oppført i Cathedral og St.John i New York
dagen etter.
same år, med svenske Alice Babs som solist.
Me glerKennedy
oss veldig
til å ta
imot levde frå 1899 til
Edward
«Duke»
Ellington
Tore og
i
1974,
og Barbro
vart førstThomassen
kjend som orkesterleiar
mot slutSogn
dagane!
ten
av desse
1920-talet.
Han hadde eit sterkt ønskje om å
løfta jazzen ut frå nattklubbar og inn i orkestersalar og
kyrkjerom.
Originalversjonen av Second Sacred Concert er aldri
blitt utgjeve som notesett for vanleg sal, verken før
eller etter Duke Ellington sin død. Så denne kveldens
konsert er, etter ein transkripsjon, skriven av førsteamanuensis i musikkvitskap, Sigvald Tveit. Og det var ei
flott oppleving! Me fekk høyra – Praise God, Heaven,
Something about beliving, Almighty God, The Shepherd, Its Freedom, Come Sunday, Don’t get down on
your knees to pray og Praise God and Dance. Framført
vekselvis med kor, solistar, storband og samla. Godt
leia av musikalsk leiar og pianist Tom Sølve Myklebust.
Det var berre heilt fantastisk å sjå samspelet mellom
dirigent, kor og musikarar. Og det svinga skikkeleg,
publikum var heilt med. Og innimellom alt dette, flott
pianosolo, – Meditation, og orgelsolo, – TGTT, med Diccon Pearce.
Kjempeflott! Dette vil me ha meir av! Tusen takk alle
saman, for ein flott konsert!
Kirsten Anny Amledal
Tekst og foto
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
17
JUNI
Kunngjeringar
og smånytt
JULI
Kransenedlegging
13.-15.: 2-4 klasseleir
20.-23.: 4-7 klasseleir
29.juni-07.: Bibelsommar i vest
13.-19.: Familieleir Ungdom i oppdrag
23.-27.: Familieleir NTM
AUGUST
10.-14.: Pangstartleir
28.: Småbarnstreff
30.-31.: Bibelhelg
SEPTEMBER
04.: Knøttekor og torsdagsklubb
11.: Småbarnstreff
12.-14.: 2.-4. klasseleir
18.: Knøttekor og torsdagsklubb
19.-21.: Internatmøte for kvinner
25.: Småbarnstreff
26.-27.: Loppemarknad
OKTOBER
02.: Knøttekor og torsdagsklubb
03.-06.: 4.-7. klasseleir
9.-12.: 7.-10. klasseleir
16.: Knøttekor og torsdagsklubb
23.: Småbarnstreff
30.: Knøttekor og torsdagsklubb
31.: Haustbasar
Haustmøte for
Normisjon region Sogn
og Fjordane i Sogn 2014
Tid: 27.-28. september
Stad: Leikanger og Sogndal
Talar: Fellesskapsutviklar i
Normisjon: Vegard Tennebø
Tema: Elska og sendt
17. mai var ordførar Jarle Aarvoll med på gudstenesta i Stedje kyrkje for
å markere Grunnlovsjubileet. Han gav eit historisk tilbakeblikk, og han
synte til fullmaktene frå vala til Riksforsamlinga som heng inn råma
i våpenhuset. Stedje kyrkje var valkyrkje i 1814, den gong i den gamle
stavkyrkja som stod fram til 1867.
Etter gudstenesta var det ei minnemarkering av Eidsvollsmannen Nils
Johannesson Loftesnes, der ordføraren la ned krans ved minnesteinen på
Stedje kyrkjegard.
Nils Johannesson Loftesnes var ein av Eidsvollmennene frå Sogndal. I
1814 var han musketer (feltsoldat) i Det Sogndalske kompani i Det
Bergenhusiske regiment. Alt i 1813 hadde regimentet hans marsjert til Auslandet, og i 1814 var dei
stasjonert i Smålenene (no Austfold). Våren 1814 skulle regimenta velje
utsendingar til Eidsvoll. Det Bergenhusiske regiment valde kaptein Ole
Elias Holck frå Ytre Sogn som utsending for offiserane, og musketer Nils J.
Loftesnes for underoffiserane og soldatane.
Nils Loftesnes var fødd på Loftesnes i Sogndal i 1789. Han var son til
Johannes Nilsson Loftesnes og Marta Espendotter. I 1813 fekk han skøyte
på garden Loftesnes, denne selde han i 1820 og flytta til Stenehjem, der
han hadde kjøpt gard i 1818. Han var gift med Berta Olsdotter, og let
garden frå seg i 1840 til dotter si, Marta. Nils Loftesnes døydde i 1848, 59
år gamal. Det er grunn til å tru at han vart gravlagd på Stedje kyrkjegard,
men grava er ikkje påvist. Minnesteinen på kyrkjegarden vart reist av
heradet 17. mai 1914.
I Henrik Wergeland si konstitusjonshistorie står Nils Loftesnes omtala som
”En rask, vakker kar, fuld av sogningens næsten sydlandske livlighed”.
Dei aller fleste etterkomarane etter Eidsvollmannen frå Sogndal bur i dag
i USA, og i år er ei gruppe av dei på Noregs besøk i høve Grunnlovsjubileet.
Den 22. mai var dei i Sogndal. (www.sogndal.kommune.no)
Laurdag 27. september
Kl. 15.00Bibel- og misjonstime i Leikanger kyrkjelydshus
Kl. 16.00Mat
Kl. 17.00Delesamling /
Medarbeidarsamtale
Kl. 19.00Misjonsfest
Søndag 29. september
Kl. 11.00Gudsteneste i
Stedje kyrkje.
18
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Tekst og foto: MUB
Stell av kyrkjegardane
Kyrkjeskyss i Norane
Ta kontakt med ein av
soknerådsmedlemane om du treng
skyss til gudstenestene.
Fellesrådet har inngått avtale med Sogndal kommune om stell
av Stedje kyrkjegard for sommaren 2014. Avtalen om stell av
kyrkjegarden på Kaupanger og i Norum er fornya frå 2013.
• Sveinung Brusegard tlf. 41530855
• Rønnaug Dahl tlf. 97986526
• Gunn Haugen tlf.95231618
• Egil Fimreite tlf.99237666
• Ingunn Marie Myren tlf. 57 67 92 83
Open kyrkje
Status i orgelsaka
Etter anbodsrunden er det no bestemt at det er Orgelmakerij Steendam
i Nederland som får jobben med orgelrestaureringa i Stedje, utifrå tilbod
og etter tilråding frå orgelkonsulent Kristen Øgaard og kantor Arild
Stedje. Arbeidet startar i haust, og i perioden med restaurering stiller
Steendam med eit erstatningsorgel.
I førre nummer av bladet skreiv me at statusen for finansieringa pr.
01.01.14 var kr. 729.400,-. Status pr. 01.06.14 er om lag kr. 1,2 millionar
og følgjande har skjedd:
•Sogndal kommunestyre vedtok på møte i april å løyva kr. 330.000,- i
tilskot til orgelet i tillegg til løyvingane dei har gjort tidlegare. Dette var
ei gledeleg melding å få.
•I tillegg har det vore stort engasjement både blant private gjevarar og
verksemder i Sogndal. So langt er det komme inn om lag kr. 60.000,- frå
private.
•Og følgjande verksemder har bidrege med totalt kr. 57.000,- pr.
01.06.2014: Norbohus Sogn, Rema 1000, Stiftinga Stedjetunet,
Sogndal Rekneskapslag, Meny, Advokatfirmaet Tollefsen,
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fjøra frisør, Arkitektkontoret 38,
Ellingsen Rekneskapsservice, Sparebanken Sogn og Fjordane,
Sogn Gravferdshjelp, Lerum fabrikker, Sogneprodukt og Sogningen
Storsenter v/Amfi Drift. Endå fleire er utfordra og me håpar på at
kronene fortsatt kjem inn på konto 3720.15.86454.
•Musikkfesten som vart arrangert av Stedje sokneråd i påskeveka gav
kr. 80.000,- i billettinntekter! Og dette var rein netto då ingen kravde
honorar og alt vart gjort på dugnad. Røyrleggjar Kjell Arne Haugen og
snikkar Gullstein Rørstadbotten sponsa annonsane og Stedje Blomster
gav blomstrane som aktørane fekk som takk for innsatsen.
Tusen takk for alle bidrag!
Det er veldig gledeleg å sjå
engasjementet for orgelet og
no ser me fram til å
nyte flott orgelmusikk
frå det nyrestaurerte orgelet. MUB
Stedje kyrkje vil vere open mellom
kl. 09:00 og 21:00 kvar dag i sommar
til og med august månad. Det er
Stedje sokneråd i samarbeid med
kyrkjekontoret som syter for at
kyrkja blir låst opp og igjen kvar dag.
Bladpengar
Tusen takk til alle som har betalt
bladpengar! Det er veldig kjekt å få
kontoutskriftene frå banken som
syner at om lag 415 husstandar har
betalt inn totalt kr. 125.900,- so langt
i år. Me tek det som eit teikn på at
de vil støtte arbeidet i kyrkjelydane
våre. Det er fortsatt mogeleg å
betale inn til
konto nr. 3720.30.15063.
TAKK!
Takk til Lerum for juice og saft
til konfirmantsamlingane og
samtalegudstenestene.
Kyrkjelydshytta
Prisar: kr. 100,- pr. person pr. døgn
Familie maks kr. 500,- pr. døgn
Gruppe inntil 10 pers.: Kr.1000,- pr helg
Gruppe 11 pers. eller fleire:
kr. 1500,- pr. helg
Ein familie: Kr. 2000,- pr. veke
Møte Kr. 300,Grupper avtalar pris pr.veke
Betaling for ved: Kr.60 pr.sekk
For leige – kontakt kyrkjekontoret på
tlf. 57679985 eller
[email protected]
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
19
Støttespelarane våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848 FJÆRLAND
Telefon 97 03 08 67
Aut. rekneskapsførar
Parkveien 5, 6856 SOGNDAL • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: [email protected]
N-6848 Fjærland
Telefon: 913 63 327
E-post: [email protected]
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
AMFI Sogningen, Hovevegen 6, 6856 Sogndal
www.amfi.no/sogningen
E-post: [email protected]
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
ME SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
20
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf. 57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf.
57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
Tønjum, 6887
Lærdal
Avdeling
Lærdal
Tlf. 574,666856
86 60
Tønjum,
6887
Lærdal
Fossetunet
Sogndal
Tlf.
57
66
86
60
Tlf. 57 68 14 77
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
14 77
Kjell68Grønli
Kjell Grønli
Anne
Kristin Gunvordal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Telefon
heile
døgnet:
[email protected]
57 68 14 77
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
Telefon: 57 67 18 85
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
Melbys skrifthugging AS
Navnetilføyelser og oppussing av
gravmonumenter.
Vi tar oppdrag med
• Navnetilføyelser
• Oppussing av gravsteiner
• Bolting/sikring av gravsteiner
Alt arbeid blir utført på stedet.
Ingen tillegg av frakt eller andre
omkostninger.
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
Ta gjerne kontakt med Kyrkjekontoret i
Sogndal, tel. 57 67 99 85 eller til firma
Melbys skrifthugging AS tel. 482 40 612.
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
Vil du gje tid til menneske som treng nokon
å snakke med?
Velkommen som medarbeidar på Kirkens SOS i Sunnfjord! Du kan gjere ein forskjell for
menneske som har det vanskeleg, og samstundes oppleve personleg utvikling.
Kirkens SOS er Noregs største døgnopne kriseteneste på telefon og internett. Du får god
opplæring og oppfølging undervegs.
Innføringskurs begynner i Førde 1. oktober.
Interessert?
Kontakt:
Kirkens SOS i Bjørgvin, tlf 55 32 58 45 / mob 941 83 654
E-post: [email protected]
Meir informasjon på
www.kirkens-sos.no/bjorgvin
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
21
Ætti i glede og sorg
DØYPTE
VIGDE
KAUPANGER:
STEDJE:
16.03.14 Sindre Neraas Teigen
19.04.14 Ann Helen Lægreid og
Grunde Høgi
25.05.14 Gabriel Cuitlahuac Mendez Ness
DØDE
FJÆRLAND:
Oddvar Skarestad 10.04.1931 – 26.04.2014
KAUPANGER:
STEDJE:
Borghild Jermine Solvang
23.06.1912 – 07.03.2014
06.04.14 Malene Feigum Ylvisaker
13.04.14 Ella Aurora Birkeflet
13.04.14 Torstein Revheim Ramstad
KAUPANGER:
19.04.14 Ingrid Nordheim
20.04.14 Kyrre Bukve Navarsete
20.04.14 Noah Selseng
Leif Harald Rebni
06.09.1945 –11.03.2014
Kristen Nesvoll
08.03.1951 – 27.03.2014
Christen Knagenhjelm
15.05.1923 – 13.04.2014
27.04.14 Petter Emanuel Lykkebø Kvåle
Gunnvor Olivia Hundershagen
21.08.1922 – 15.04.2014
27.04.14 Mathilde Eiken
Per Jostein Lerum 18.03.1948 - 16.04.2014
27.04.14 Emma Kristin Gunvordal
27.04.14 Knut Jonas Gunvordal
STEDJE:
04.05.14 Emmelinn Bjørk Hundere
Odd Yttri
26.01.1936 - 13.11.2013
Jostein Yttri
05.11.1932 – 10.03.2014
Trond Hole
03.01.1946 – 12.03.2014
Svein Selseng
07.06.1942 – 12.03.2014
Karin Margrete Flæte
26.08.1954 – 16.04.2014
Kjell Hofslundsengen
20.04.1938 – 04.05.2014
Ove Arne Tonheim 30.10.1938 – 10.05.2014
Ella Skjeldestad
19.07.1917 – 11.05.2014
Sjå sogndal.kyrkja.no for
påmelding til dåp eller ta kontakt
med kyrkjekontoret om moglege
datoar for dåp og vigsel. Telefon
57679985.
22
nr. 2-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Velkomen til
gudsteneste
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
JUNI
22. juni
2.s. i treenighetstida
29. juni
3.s. i treenighetstida
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Fjærland kl.12.00: Blomstergudsteneste. 6-års bok
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste
Kaupanger kl. 19.30: Kveldsgudsteneste
JULI
6. juli 4.s. i treenighetstida
13. juli 5.s.i treenighetstida
20. juli 6.s.i treenighetstida
27. juli 7.s.i treenighetstida
29. juli Olavsdagen
Norum kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl.19.30: Kveldsgudsteneste
Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste
Fjærland kl. 20.00: Kveldsgudsteneste
Stedje kl. 11.00: Høgmesse
Norum, Fimreite kl. 12.00: Friluftsgudsteneste
Leikanger kl.19.00: Gudsteneste
Kaupanger kl.19.30: Olsokgudsteneste
AUGUST
3. august 8.s.i treenighetstida
10. august 9.s.i treenighetstida
17. august 10.s.i treenighetstida
24. august 11.s.i treenighetstida
31. august 12.s.i treenighetstida
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Fjærland kl.11.00: Høgmesse
Leikanger kl.11.00
Anestølen kl.14.30: Stølsgudsteneste
Stedje kl.11.00: Høgmesse. 6-åringar
Skriksvatnet kl.12.00: Friluftsgudsteneste
Leikanger kl.18.00: Gudsteneste før skulestart
Kaupanger kl.18.00: Gudsteneste. 6-åringar
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste
Kaupanger kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane
Fjærland kl.12.00: Gudsteneste. Rundballfestival
Norum/Leikanger - Jamnaflaten kl.12.00: Friluftsgudsteneste
SEPTEMBER
7. september 13.s.i treenighetstida
14. september Vingårdssøndag
21. september 15.s.i treenighetstida
28. september 16.s.i treenighetstida
Stedje kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane
Norum kl.16.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane
Fjærland kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane
Kaupanger kl.11.00: Gudsteneste. Diakoniens dag
Stedje kl.11.00: Høgmesse. Diakoniens dag
Fjærland kl.20.00: Gudsteneste
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste
Stedje kl.11.00: Gudsteneste. Normisjon sitt haustmøte
Kaupanger kl.16.00: Høgmesse
OKTOBER
5. oktober 17.s.i treenighetstida
12. oktober 18.s.i treenighetstida
19. oktober 19.s.i treenighetstida
26. oktober Bots- og bønnedag
Stedje kl.11.00: Hausttakkegudsteneste.
Leikanger kl.11.00: Hausttakkegudsteneste
Norum kyrkje kl.16.00: Hausttakkegudteneste
Kaupanger kl.11.00: Høgmesse
Stedje kl.11.00: Høgmesse
Fjærland kl.11.00: Familiegudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane
Leikanger kl.19.00: Gudsteneste
Stedje kl.11.00: Bots- og bededagsgudsteneste
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 2-14
23
INFORMASJON
Gå ut og gled deg!
Av Egon Askvik
Me har hatt ein unik fin og varm forsommar i år.
Pessimistane mellom oss brukte nok dei gode
dagane tl å bekymra seg over sommaren: No brukar
me opp godvêrsdagane.
Andre berre nytte dei i fulle drag.
Einar Skjæråsen har eit dikt som er kome inn i den
nye salmeboka.
Det er ein vakker salme som kan syngjast til alle
årstider, men som om våren meiner eg han kan
konkurrera med sjøvaste “No livnar det i lundar”.
Himlen blåner for vårt øye, jorden grønnes for vår fot.
Bekken risler for vår tørste, korn og blomst og tre slår rot.
Fugler spiler sine vinger, barnet pludrer med sin mor.
Lovet være Han som skapte drømmen og det første ord.
Vinden har sin sti å vandre, bølgen har sin vei å gå,
vår og sommer, høst og vinter skifter i det minste strå,
gledens tid og sorgens time har sin bolig i hvert sinn.
Lovet være Han som åpnet første le og siste grind.
Lyset stiger, lyset faller over alle dunkle fjell.
Morgensol og aftenstjerne viser dag og varsler kveld.
Hjertet har sin lengsels høyde, hånden har sin gjernings fred.
Lovet være Han som er og ånder over tid og sted.
Me får fryda oss over alt det vakre Gud har skapt til
glede og nytte for oss menneske.
Difor vil eg nyta solskinsdagen i dag utan tanke på at
det er meldt regn i morgon.
Blomane, graset, fuglar, menneske og dyr - alt vitnar om vår skapar.
Grensa mellom verdsleg og åndeleg vert viska ut:
Lovet være Han som er og ånder over tid og sted!
I denne fagre sumarstid
gå ut, mi sjel, og gled deg i
vår Herres store under!
God sommar !