Kyrkjenytt nr 4 - 2013 - Voss kyrkjelege fellesråd

for Vossabygdene
Nr 4 - 2013, 72. årg.
«… han
fører meg
til vatn
der eg finn
kvile»
Salme 23, 2
Sommarturar og
stemner
Også i år skipar sokneråda
til turar og stemner. Mest
spesiell er vel markeringa
av 100års jubileet for
Torvedalsstemna. Les meir
om dette på sidene 5 og 6.
I samtale med
Vi startar ein ny serie der
vi samtalar med kjende
personar i Vossabygdene om
verdiar, lokalmiljø og deira
tilhøve til kyrkja. Først
ute er ordførar Hans-Erik
Ringkjøb. Sjå side 7.
Ta Bibelen i bruk!
Dette er ei side du kan ta
vare på for seinare bruk. Ho
gir opplysningar om kvar du
kan slå opp i Bibelen når du
treng eit spesielt ord, som
til dømes når du er sliten, er
glad eller treng å vita Guds
vilje. Sjå side 9.
KYRKJA I VOSS
ANDAKT
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
2
977 74 489
408 53 537
474 62 435
474 62 435
952 62 026
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
414 75 383
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
Herre, gjer livet mitt til ei bøn. I alt eg tek meg
føre, ber eg til deg:
- Når eg opnar ei dør, ber eg om at du må opna
hjartet mitt og bu hjå meg.
- Når eg vaskar klede, ber eg om at du må rensa
meg og tilgje meg mi synd.
- Når eg skriv brev, ber eg om at du må tala til
meg om di sanning.
- Når eg tenner eit ljos, ber eg om at du må leia
meg til gode gjerningar så eg kan lysa
opp vegen for andre
- Når eg vatnar blomar, ber eg om at du må
fylla meg med åndeleg regn som skapar
fornying og vekst i livet mitt.
- Når eg kokar tevatn, ber eg om at du må tenna
ein eld i mitt indre liv så eg alltid kan
tena deg med varme for andre.
Skriven av ei ukjent kinesisk kvinne
Kyrkjenytt
Framsida: Flor og Fjære,
Stavanger.
Foto: Arne Mosefinn
(Vi tek gjerne imot gode
framsidemotiv frå andre.)
Utgjeve av: Voss
Kyrkjelege Fellesråd
saman med Evanger, Voss,
Raundalen, Oppheim og
Vinje sokneråd.
Besøksadresse:
Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562,
5703 Voss
E-post: [email protected]
voss.kyrkja.no
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (red.) 915 98 410
Redaksjonsnemnd:
Brit Furre, Aud Wallaker
Hutchingson, John Ove
Thaule og Arne Mosefinn
(red.)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
Av Torfinn Jørgensen
Har du tenkt over at du,
nettopp du, er i Kristus?
Tenk over kva dette har å seia
for deg, og kva for lovnader
som er gjevne deg, både for
det livet du lever no, og for
framtida.
Du kjenner til joleevangeliet,
der engelen kjem til gjetarane
på markene utanfor Betlehem
og seier til dei: Sjå, eg kjem til
dykk med bod om ei stor glede,
ei glede for heile folket. I dag er
det fødd dykk ein Frelsar i Davids
by, Han er Kristus Herren ...brått
var det ein stor himmelhær saman
med engelen, dei lova Gud og
song: Ære vere Gud i det
høgste, og fred på jorda
blant menneske som Gud
har glede i. Og Jesus seier
ein stad i Bibelen: Slik
Moses lyfte opp ormen
i øydemarka, slik må
Menneskesonen og lyftast
opp. Ein annan stad seier
Jesus: Og når eg vert lyft
Andakten
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Sekretær Idunn Holen
e-post: [email protected]
Sekretær Lene K.P.W. Brunborg epost: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
I Kristus
Bøna
Grafisk utforming:
Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer kjem ut
i veke 36
Frist for innlevering
av materiale til
redaksjonen:
20. august 2013.
opp frå jorda, skal eg dra alle til
meg. Dette sa han for å visa kva
slags død han skulle lida.
Kyrkja har ein sams visjon, og dei
to fyrste orda i denne visjonen er
nettopp orda: I Kristus. I staden
for visjon, kan ein også bruka
orda: syn, eller openberring. Det
er altså noko som kyrkja har sett,
eller som er openberra for kyrkja.
Det gjev ein veldig indre fred
og tryggleik under alle tilhøve
i livet: å vita at me er i Kristus.
Ver i meg, så er eg i dykk, sa
Jesus. Ein annan stad i Bibelen står
det: For eg er viss på at verken
død eller liv, verken englar eller
krefter, verken det som no er eller
det som koma skal, eller noka
makt, verken det som er i det
høge eller i det djupe, eller nokon
annan skapning, skal kunna skilja
oss frå Guds kjærleik i Kristus
Jesus, vår Herre (Rom. 8.38-39).
Kirkens SOS er Noregs største
kriseteneste på telefon og
internett.
No treng vi fleire frivillige
medarbeidarar til vaktrommet i
Bergen.
Oppgåva di er å lytte og tenkje høgt saman
med den som tek kontakt. Du skal ikkje gje
råd eller løyse den andre sine problem.
Du får innføringskurs, rettleiing og vidare
fagleg oppfølging så lenge du er med i tenesta.
Vanleg vaktturnus er 2 vakter i månaden,
tilpassa din kvardag.
Kirkens SOS er ei døgnopen kriseteneste,
tilgjengeleg via telefon, SOS-melding og SOSchat.
Så kan me altså gle oss over
dette kvar einaste dag, at me er
omslutta av Guds kjærleik, og
den forandrar seg ikkje. Den er
konstant, og uavhengig av dine
og mine kjensler, dine og mine
omstende. Den vil alltid omslutta
deg og meg kvar einaste dag, så
lenge me lever, og bera oss fram
til evig liv.
Til slutt vil eg få minna om det
som står i Filipparbrevet 4.4-7:
Gled dykk i Herren alltid! Atter
vil eg seia: Gled dykk! Lat alle
menneske få kjenna kor godhjarta
de er. Herren er nær. Ver ikkje
urolege for noko! Men legg alt
de har på hjarta, fram for Gud i
bøn og påkalling med takkseiing.
Og Guds fred, som går over all
forstand, skal vara dykka hjarta og
tankar i Kristus Jesus.
Så ynskjer eg deg, kjære lesar,
alt godt!
Du må vere mellom 20 og 80 år, og du må ha
avstand til eigne kriser. Kurset er gratis og
omfattar undervisning om samtalemetodikk,
og om kva som kan gje håp og livsmot når
livet er vanskeleg. Kursstart 30. september.
Interessert?
Kontakt: Kirkens SOS i Bjørgvin,
tlf 55 32 58 45 / mob 941 83 654
Epost: [email protected]
Meir informasjon på:
www.kirkens-sos.no/bjorgvin
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
3
SOMMARTURAR/-STEMNE
mine tankar om
Livssyn – brillene vi ser tilværet gjennom.
Av Johannes Seim
Det blir stundom debatt om
verdiar og livssyn, og det er etter
mi meining med god grunn. Alle
menneske har eit livssyn, enten
dei er klar over det eller ikkje.
Livssyn er måten me tolkar
livet på, filteret me ser tilværet
gjennom. Me trur alle at vår
måte å sjå verda på er den sanne
og rette. Heile livet freistar me
å nå fram til betre og djupare
erkjenning og forståing, freistar
stadig å laga betre mentale kart
over livet.
4
Når me kommuniserer med
andre, har me lett for å tru at
dei oppfattar ting på same måte
som oss. Men me kan bruka
dei same orda, og likevel bli
oppfatta heilt annleis. Dette må
me vera klar over for å få til sann
kommunikasjon. Det er ikkje nok
å skjøna orda. Me må gå bak orda
og prøva forstå kva livssyn dei
gjev uttrykk for.
Å vera medveten om eige livssyn
er også viktig for å unngå at me
blir offer for krefter som ynskjer
å forma oss til sin fordel, det
kan vera politiske, økonomiske,
religiøse eller sekulære aktørar
som ynskjer å påverka og
kontrollera oss. Trass i at me
meiner at me lever i ein opplyst
tidsalder, må eg seia eg blir
skremd
når eg
ser kor
villige
me
er til
blindt
å la
oss bli
forma
av
massemedia, og av kva som er
politisk korrekt.
Menneska har til alle tider prøvd
å finna meining og samanheng.
Forklarings-modellane blir kalla
mytar (ordet myte kan også tyda
eventyr). Desse kan alle ha mykje
felles og sant i seg. I vår tid er
vitskapen den mytologien me
støttar oss mest til. Nokre freistar
gjera vitskap til eit livssyn,
som dei såkalla ny-ateistane
(Dawkins, Hitchens og Harris).
Då blir etter mi meining vitskapen
misbrukt, den er blitt til vitskapisme. Vitskapen skulle primært
vera ein arbeidsmetode for å få
kunnskap om det som kan mælast
og observerast. Den kan såleis
berre forklara ein del av tilværet.
Eit livssyn må kunna gje svar på
mykje meir:
1. Kva er verkeleg?
2. Kva er eit menneske? Det
vondes problem.
3. Kvar kjem me frå, og kvar
dreg me etter døden?
4. Korleis finn me ut kva som er
rett og gale?
5. Korleis får me kunnskap?
6. Kva er meininga med livet?
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
Voss sokneråd sin sommartur
Av Knut Hernes
I leiting etter svar på desse
spørsmåla har me lett for å hamna
i ein eller annan isme, til dømes:
materialisme, spiritualisme,
eksistensialisme, nihilisme,
nasjonalisme og humanisme.
Lista kunne gjerast svært
lang. Ein kan setja opp mange
modellar. Etter mi meining er
det mest framståande livssynet
i Noreg i dag ein blanding av
sentimentalisme og kynisme. Me
surfar på livssynsmarknaden etter
det som gjev oss gode kjensler.
Det som kjennest godt, er også
sant og rett. Og så vernar me oss
sjølve mot å bli skuffa med å ha
ei kynisk haldning til livet. Det
kunne vore sagt mykje om dette.
Kyrkjelydsturen i år blir til Ulvik onsdag 31. juli. Me
reiser med buss frå Vangen/Idrottshallen kl 13. Til
Ulvik tek me over Ulvikhøgda.
Eg sjølv har prøvd mange slag
livsyns-briller, og er ikkje i tvil
om kva som gjev det skarpaste
og mest dekkande bildet av
røyndommen: det tradisjonelle
jødisk/kristne livssynet i Bibelen.
Det var med dette synet at vår
vestlege sivilisasjon vart til, med
framveksten av til dømes vitskap
og menneskerettar. Det er briller
som gjev meining, enten livet fær
godt med ein, eller dårleg.
Borghild og Johannes Melve blir med oss. Turen
koster kr 450 med middag osb. Påmelding til
Kyrkjekontoret i tlf. 5652 3880 innan 25. juli.
I vår tid med eit virvar av livssyn,
lat oss ikkje gløyma at me har ein
kristen arv som det kan vera verd
å verna om!
Det blir først besøk på garden
der Olav H. Hauge budde og
dikta. Hans grandson Stein Olav
Kolsås vil fortelja og visa oss
rundt. Bussen kan ikkje køyra
dit, me må gå ca 700 m opp frå
Ulvik sentrum, men dei som
treng det kan få skyss med bil.
Sei frå ved påmelding om du treng slik skyss.
Så blir det middag på Brakanes hotell. Etter det
ein tur til Osa. Så skal me til kyrkja i Ulvik, for
omvisning og andakt.
Heimturen blir om Bruravik og Vallavik. Me får
nok ikkje prøvekøyra Hardangerbrua, men kan i det
minste få sjå den.
Tjødnarhovden 18.august.
Stølsmessa i Tjødnarhovden har samla mykje
folk dei siste åra. Her får ein mat både for kropp
og sjel!
Det er benker og bord til alle. Stort telt til
rådvelde.
Arne Johan Dregelid vil også i år vera til
stades med si fantastiske grillvogn og rullande
kjøkken, så her er sundagsmiddagen og
kyrkjekaffen sikra !
Tjødnarhovden ligg innst i Oppheimsdalen Ein
kan køyra bompengeveg som startar like ved
der tidlegare Vossestrand alders- og sjukeheim
låg. Det er også også grei tilkomst til fots frå
Myrkdalen.
Tradisjonen tru kårar me stølsmeistar i
hesteskokasting og det vert aktivitetar for borna.
J.O.Thaule
Under.: Superkokken Arne Johan Dregelid
i sving saman med gode hjelparar.
Foto: J.O.Thaule.
Vikafjellstemne 21. juli
Sundag 21.juli møtes strendingane
med sine naboar over fjellet i nord til
det tradisjonsrike Vikafjellstemnet.
Heilt sidan 1943 har ein hatt tradisjon
med ei fellesgudsteneste, og som oftast
har møtestaden vore Målset. Denne
staden vert nytta også i år. Der har ein
turisthytta til å vera inne i viss ikkje veret
er strålande. Ta med mat og drikke. Litt
aktivitetar vert det for alle aldrar etterpå.
Dette året er det Vik prestegjeld som står
for det heile. Vikarprest Johannes Melve
forrettar gudstenesta.
J.O.Thaule
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
5
STEMNE/NOTISAR
I SAMTALE MED
I samtale med: Hans-Erik Ringkjøb
Torvedalsstemna 100 år 28. juli
Intervju ved Arne Mosefinn
Av John Ove Thaule
Både Vaksdal og Vossestrand
prestegjeld har rike tradisjonar
med fleire friluftsgudstenester på
sumarstid. Nokre av desse er i
samarbeid med nabo-prestegjeld.
Dette året er det hundre år sidan
den fyrste Torvedalsstemna, eit
fellesarrangement i mange år
mellom folket i Eksingedalen og
Vossestrand.
Det starta i 1913 og var den siste
sundagen i juli like fram til 1965.
Det kunne vera mykje folk
som kom saman på det som
vart starta av indremisjonsvener på begge sider av fjellet.
Stortingsmann Nils Lavik var
ofte talar. Det same var andre
6
lokale forkynnarar som Brynjulv
Brakestad, Olav Sausjord,
presten Johan Brakestad, forutan
strandaprestane Ulltveit og
Lunde. Også Olav Hagesæther,
seinare biskop og far til biskop
Ole Hagesæther har vore der som
talar. Myrkdalen Musikklag var ei
årrekkje med. Dessutan har også
Voss Indremisjonskor og mindre
songgrupper delteke.
Sjølve turen i fjellet, matøkt og
sosial prat var ein viktig del av
samkoma.
Sokneråda i Eksingedalen og
Vossestrand vil gjerne markera
dette hundreårsjubiléet med ei
friluftsgudsteneste 28. juli kl.14
Evanger sokneråd sin
sommartur går til Raustølen
(Øvstedalen, Bolstadøyri)
sundag 9. september. Også i år
vert 9- og 10-åringar invitert
med på turen, på den årlege
T-dagen for alderstrinna.
Støtte til leir
Vossestrand Indremisjon
minnar om at dei gjev
økonomisk støtte (1/3 av
kostnaden) til born og unge
frå Vossestrand som vil reisa
på kristne leirar på Helgatun
eller andre stader. På Helgatun
skjer dette i direkte kontakt
med Indremisjonen. Om andre
leirar eller kurs kan ein senda
dokumentasjon av utgifter
til Ingebjørg Veum Nielsen,
Kalvhagen 6, 5713 Vossestrand.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
der sokneprest i Vossestrand, John
Ove Thaule, vil forretta.
Korleis koma til Torvedalen?
I dag er Torvedalen ei av hyttene
til Voss Utferdslag. Det er gode
T-merka stiar frå fleire kantar.
Kortaste veg er 3-4 km gange
frå bilvegen mellom Gullbrå
og Grøndalsvatnet. Ein reknar
1-2 timar over Holegavlen. For
strendingane er det om lag 3 timar
frå Reppane ovanfor Engjaland.
Det vil verta arrangert felles fottur
frå begge kantar. Sjå eiga lysing
om tidspunkt i avisa Hordaland.
Kyrkjenytt vil prøva å få
til ei fast spalte der vi stiller
kjende personar i bygda
nokre spørsmål om verdiar,
lokalmiljø og tilhøve til
kyrkja. Først ut er ordførar
Hans-Erik Ringkjøb.
Ein annan ting med Voss, er
dugnadsinnsatsen. Folk ser at
det har ein verdi å stella i stand
arrangement. Det er gjerne dei
same personane som stiller opp
gong etter gong. Dei er stolte
over å få vera med – føler kanskje
at dei eig litt i arrangementet.
Eg har til og med opplevd at
Den gongen var det eit stort kull på 19
gutar og 17 jenter. Desse vert skriftleg
inviterte, men ein vil på denne måten
allereide no gjera merksam på datoen
6.oktober. Då startar ein i Vinje kyrkje
der det er hausttakkegudsteneste og ein
får møta årets konfirmantar som vert
presenterte på gudstenesta. Deretter er
det middag og samkome på Helgatun
Misjonshotell.
J.O.Thaule
Født: 02.01.70.
Bustad: Filipshaugen.
Familie: Gift med Beate,
2 born.
Interesser: Fotball, reiser,
trening.
Favorittmat: Likar all mat.
Favoritt-lesnad: Krim, men
har nett lest «Syngja» av
Lars Amund Vaage – ei
ærleg bok om ei dotter
som er autist. Kan sterkt
tilrå den!
viktige milepelar i livet. Kyrkja
er også viktig når livet blir
tøft og vanskeleg. Då kan ho
vera ein arena for fellesskap. I
slike høve tek kyrkja på seg eit
samfunnsansvar. Ho viser i slike
situasjonar å ha takhøgd nok for
at alle kan finna seg til rette. Det
såg me tydeleg i samband med 22.
juli-situasjonen. (forts. neste side)
50års konfirmantjubilantar
VOSSESTRAND: Oppheim og
Vinje sokneråd inviterer kvart år til
50årsjubileum for konfirmantane
på Vossestrand. Ein pleier å leggja
markeringa så tett opp til dagen
som mogleg. I år vert det på sjølve
jubileumsdagen for konfirmasjonen
i 1963 som var den 6.oktober i Vinje
kyrkje.
Hans-Erik Ringkjøb
Her er noko av dei kvalitetane Vossabygda kan by på.
Om verdiar
Kva er viktige verdiar for deg?
Familien min og vener er viktige
verdiar for meg. Som politikar
er fellesskapet med andre viktig.
Kva me kan få til i lag og for
kvarandre er viktig for meg som
ordførar – kanskje ein parallell
med det som er grunntanken i
kyrkja.
Om lokalmiljøet
Kva synes du er bra med Voss?
Det meste! Voss er ein enormt
rik kommune på mange område.
Naturen vår gjev oss unike
mogelegheiter til ulike aktivitetar
både kommersielt og personleg.
Voss er både landleg og urban.
Stadig fleire opplever verdien i
dette.
folk som ikkje bur fast på Voss,
deltidsinnbyggjarane våre, stiller
opp – dei har fått ein vossing i
seg.
Noko du tenkjer vi kunne bli betre
på her i Voss?
Me skulle bli enno betre på å
samarbeida og å løfta i lag, å sjå
at vi har felles utfordringar. Eg
skulle ofte ynskt at me hadde
større evne til å løfta blikket
og sjå framover – å verta meir
visjonære. Klarar me til dømes
å sjå for oss eit vitalt Vangen om
20 år utan å vera visjonære og å
samarbeida?
Om kyrkja sin plass
Kva tenkjer du om kyrkja sin plass
i lokalmiljøet?
Kyrkja står sterkt på Voss. Ho
er sentral når folk skal markera
Kyrkja innbyr til fellesskap som gir styrke. Ein
ordførar treng også ein heiagjeng.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
7
ØKONOMI
(forts. frå førre side)
Kva betyr kyrkja i ditt liv?
Eg er nok ingen fast kyrkjegjengar, men eg er i
kyrkja ved viktige hendingar som nevnt. Då eg
var liten, gjekk eg på sundagsskulen. Kyrkja
har ikkje ein sentral plass i livet mitt, men eg
veit at ho er der når eg treng ho.
Som ordførar må eg rekna med å stilla opp
i ulike samanhengar – og også ved dødsfall.
Og, ulukker som råkar eit lokalsamfunn hardt,
kan skje. Dette er noko eg som ordførar må
ta høgde for, men som vil vera noko av det eg
kvir meg mest for. Det er alltid tungt å prata
med folk som har det tungt. Det er likevel
rett å visa sine kjensler. Kyrkja kan gje ei god
ramme i slike høve. Ho innbyr til fellesskap
som gir styrke. Eg hentar elles styrke gjennom
fellesskap med andre.
Kven vil du utfordra til ein samtale i neste
nummer?
Eg utfordrar lensmann Ivar Hellene.
8
BRUDEFERDA PÅ OPPHEIMSVATNET
Laurdag 1. juni var det vigsle i Oppheim kyrkje.
Deretter bryllaupsfest på Oppheim hotell der
brudeparet, som kjem frå Askøy, har kjøpt seg
feriehusvære.
Til gjestane si store overrasking kom brudeparet
roande frå bryggja ved Bua og fram til hotellet. Ikkje
nett Tidemann og Gudes «Brudeferden i Hardanger»
med nedlessa trebåt, men krunebrura (Marit
Solstrand Hestetræet) og ein salutterande skyttar var
på plass. Brudgommen, Norvald Hestetræet, måtte
stå for roinga sjølv. Stor jubel og ein festleg opptakt
til bryllaupsfesten.
Tekst og foto J.O.Thaule
BØN OG BIBEL
Årsrekneskap 2012 - Voss sokneråd
av Hans Soldal
På årsmøtet for soknerådet i februar vart ikkje
rekneskapen for 2012 lagd fram. Dette er siste året
kyrkjeverja fører denne rekneskapen. Derfor kjem
det her ein kort informasjon om stoda.
Kyrkjeverja har fleire år bedt soknerådet om å kome
med føringar og prioriteringar for aktiviteten deira.
Det har for det meste mangla og derfor har ikkje
rekneskapen vorte eit styringsinstrument, men ein
informasjon om kva som har skjedd. Derfor er det
mykje positivt i den endringa soknerådet i 2013
har gjort ved å nedsette ei økonominemnd som kan
fylgja utviklinga, sjå på planar og resultat og stå for
rekneskapsføringa. Kyrkjeverja meiner likevel at den
fleksibiliteten som har vore no er komen under press.
Kyrkjeverja vil her berre nemna dei hovudtala som
fortel om kva soknerådet har å forhalda seg til frå
2013. Kyrkjeverja har ikkje tidsavgrensa utgiftene/
inntektene, men lete dei få innvirkning på det
kalendaråret summane har gått inn eller ut.
I 2012 hadde soknerådet følgjande hovudtal
(alle tal er avrunda):
Innsamla til m.a.
Kirkens nødhjelp
Mottekne gåver
Deltakarbetaling (kor,
konfirmant, billettar til
arrangement m.v.)
Offer til andre
organisasjonar
Diverse utgifter: (kontor,
kurs, annonse,notar,
blomar, kontingentar
m.v.)
Offer til eigne formål
(musikk, diakoni,
dåpsopplæring)
Utgifter til konfimasjon
m.v.
kr
55000
kr 64000
kr 341000
henta frå Familie & Medier
Då pastor Joe Wright vart beden om å opne
den nye sesjonen i Senatet i Kansas 23.
januar 1996 , forventa alle vanlege ord og
vendingar, men dei fekk noko heilt anna.
Her er pastor Joe Wright si bøn:
«Himmelske Far, vi kjem til deg i dag
for å be om tilgjeving og søkja retning og
rettleiing. Vi veit at ditt Ord seier: «Ve
dei som kallar det vonde godt», men det
er akkurat det vi har gjort. Vi har mist
vår åndelege likevekt og våre verdiar.
Vi har utnytta dei fattige og kalla det for
lotteri.
Vi har løna latskap og kalla det velferd.
Vi har drept våre ufødte barn og kalla det
val.
Vi har skote anti-abortaksjonistar og
kalla det forsvarleg.
Vi har unnlatt å disiplinera våre barn og
kalla det for å byggja sjølvtillit.
Vi har terrorisert verda og kalla ofra
terroristar.
Vi har misbrukt makt og kalla det
politikk.
kr 207000
Vi begjærte vår nestes eigendeler og kalla
det ambisjonar.
kr 122000
Vi har forurensa lufta med banning og
pornografi og kalla det ytringsfridom.
kr 228000
kr 215000
Pr 31.12.2012 hadde soknerådet dette til diposisjon i
bank: kr 475000 som er delt i bunde fond, kr
75000, ubunde disposisjon, kr 400000.
Soknerådet har, så langt ein god økonomi som
både har element av buffer i seg samstundes som
soknerådet frå 2013 har større fokus på mål og
resultat.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
Bøna som sjokkerte verda
Vi har latterleggjort verdiane fra
forfedrene våre og kalla det opplysning.
Ransak oss, Gud, og kjenn våre hjarte i
dag, rens oss frå all synd og set oss fri.
Amen”
Responsen var umiddelbar. Nokre
representantar gjekk ut under bøna, i protest.
Ta Bibelen i bruk!
Kva kan eg lesa når eg …
- er sliten? Matt. 11, 28-30, Salme 23, 1-3, Jes. 40, 28-31
- er redd? Joh. 14, 1 og 27, Salme 56, 4-5, Salme 118,
5-9, Jes. 41, 10 og 13
- er ottefull? Fil. 4, 6-7, 1. Pet. 5,7, Jes. 43, 1-5, Luk. 12,
22-31
- er einsam? Salme 25, 14 og 27, 7-10, Jes. 41, 10 og 49,
14-16, 5. Mos. 31, 8
- vert freista? Jak. 1, 12-16, Mark. 14,38, 1. Kor. 10,13,
Hebr. 2, 18
- treng tilgjeving? Salme 32 og 51, Salme 86, 4-7, Salme
130, 1. Joh. 1,9, Jes. 1, 18
- er motlaus? Joh. 14, 27, Salme 34, 19, Klag. 3, 19-26,
Rom. 8, 31-39, Ef. 3, 16-21, 2. Tim. 1,7
- er svak? 1. Kor. 1, 26-31, 2. Kor. 12, 9-10, Salme 138,
3-8
- er redd for døden? Rom. 8, 35-39, Rom. 14, 8, Joh. 11,
25-26, Joh. 14, 1-4, Salme 138, 3-8
- treng visdom? Jak. 1, 5, Ordt. 2, 1-8, Ordt. 9, 10, Ef. 1,
17-19
- er glad? Salme 33, Salme 34, 1-11, Salme 145
- manglar frelsesvisse? Joh. 5, 24, Joh. 6,47, Rom. 12,2,
1. Joh. 5, 11-13
- treng indre fred? 4. Mos. 6, 24-26, Jer. 29, 11-13,
Salme 85, 9, Klag. 3, 57, Joh. 14,27-28, Fil. 4,6-7
- synest Gud er langt borte? 5. Mos. 4,7, Jes. 57,15, Jak.
4,8, Klag. 3,57, Salme 38, 22-23, Salme 139, 1-18
- tvilar? Joh. 20, 24-29, Matt. 11, 2-6, Mark. 9, 23-24, 2.
Kor. 4, 18 og 5, 7, Jes. 45, 9-12, 5. Mos. 29,29
- er i fare? Salme 91, Salme 118, 5-9, Salme 18, 2-4,
Salme 12, Rom. 8, 35-39
- er sjuk og kraftlaus? Salmane 6, 13, 42 og 86, 2. Kor.
12, 9-10
- treng å vita Guds vilje? Mika 6,8, Salme 25, 4-14,
Ordt. 3, 2-7, Jer. 29, 11-13
I Central Christian Church, der Joe Wright
er pastor, registrerte dei i 6 veker etter meir
enn 5000 telefonsamtalar, men berre 47 av
dei var negative.
Kyrkja tok imot spørsmål frå m.a India,
Afrika og Korea om kopiar av denne bøna.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
9
Kyrkjelege handlingar
- satsar på Vestlandet
10
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
Døypte
Vigde:
Voss gutar:
14.04 Bjørnar Nondal Tøn
Olav Tokvam Løne
Knut Fredrik Procopé Lydvo
Jarand Ullestad
28.04 Herman Fischer
Lucas Lorenzo Tolley-Christophersen
05.05 Daniel Velsvik
19.05 Sivert Kaldestad Svenssen
Daniel Kvitne
Oliver Fjæreide Møen
25.05 Sigurd Klette Opheim
Eirik Saue Gregersen
Knut Midttun Lie
Adrian Brekkhus Mandic
02.06 Nikolai Maridal Hårklau
Bork Sivertsen Kløve
Armand Elias Kargar Gjøstein
Voss:
07.04 Ingeborg Fære og Øystein Hole
20.04 Lisbet Johanne Dvergsdal og Børge Lindland
25.05 Eileen Skorstad og Jon Grønsberg
Voss jenter:
14.04 Sol Emilie Hoff Henriksen
Sanna Nondal Aspebakken
21.04 Eira Isabell Grevle
28.04 Amalie Helleve Flage
09.05 Nomi Vinje Vevatne
19.05 Mathilde Pugh Armentano
Sofie Emilie Svane Norekvål
Tara Rongen Skutle
25.05 Eva Saue Gregersen
Linnea Heimdal Øvsthus
Sofie Vaksdal Låstad
02.06 Adelen Lunde Hop
Ariana Kargar Gjøstein
Sunniva Bidne Gjernes
Evanger:
17.05 Lana Steine Basara
Vinje:
14.04 Jomar Severin Thorbjørnsen
02.06 Mathias Svennes
ALT I FØRARKORT
www.hagatrafikk.no
9100 3101
[email protected]
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
Mjølfjell:
06.04 Caroline Isabelle Helena Grant og Karl
Frederick Braekkan Payne
Døde:
Voss menn:
28.04 Anton Jørgen Karl Solbakk, f. 1943
29.04 Holger Eide Mossige, f. 1929
09.05 Hallvard Hefte, f. 1938
Kenneth Dregelid, f. 1974
16.05 Ingvald Fosse, f. 1927
28.05 Magne Hjelmbrekke, f. 1920
Olav Dolve, f. 1936
Voss kvinner:
03.05 Guri Draugsvoll, f. 1925
07.05 Marta Opheim, f. 1924
12.05 Borgny Bergkvist-Lid, f. 1940
16.05 Solveig Bergstrøm, f. 1919
22.05 Solveig Fenne, f. 1921
Signy Møn, f. 1934
28.05 Johanna Bakketun, f. 1922
Evanger:
13.04 Jon Hjørnevik, f. 1935 (gr.l. Bolstadøyri)
Allis Stormark, f. 1933 (gr.l. Fedje)
Oppheim:
23.04 Kari Ure, f. 1925
Vinje:
18.05 Anna Sundve, f. 18.08.
Oppheim:
21.04 Henriette Kleppe
Jordalen:
26.05 Anna Sofie Jordalen Holven
Bjørnar Veka Jordalen
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
11
C-BLAD
Fulldistribusjon
DET HENDER
Gudstenesteliste:
Vangskyrkja:
23.06. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Dåp.
Offer til Kirkens SOS Bjørgvin.
30.06. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
07.07. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Dåp.
14.07. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Nattverd.
21.07. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Dåp.
04.08. kl. 1100 Høgmesse v/Melve. Nattverd.
11.08. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Dåp.
18.08. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Nattverd.
25.08. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Dåp.
01.09. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Evanger kyrkje:
23.06. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Nattverd.
Offer til Rådet for psykisk helse.
14.07. kl. 1100 Gudsteneste v/Molde.
Offer til Familie & Medier.
04.08. kl. 1600 Høgmesse v/Thaule. Nattverd.
Offer til Helgatun.
Bolstadøyri kapell:
21.07. kl. 1500 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til Dei fire diakoni-institusjonane.
25.08. kl. 1500 Høgmesse v/Boge. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Raundalen kyrkje:
07.07. kl. 1700 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
25.08. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Hamlagrø bedehus:
07.07. kl. 1500 Gudsteneste/Stemne. Boge.
Krossaset:
28.07. kl. 1300 Olsoksamling v/Melve.
Oppheim kyrkje:
23.06. kl. 1100 Høgmesse v/Thaule.
Offer til Normisjon.
07.07. kl. 1100 Gudsteneste v/Molde.
Offer til Voss KFUK/M.
04.08. kl. 1100 Høgmesse v/Thaule.
Offer til Helgatun.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/13
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Vinje kyrkje:
14.07. kl. 1930 Gudsteneste v/Molde.
Offer til Voss KFUK/M.
Helgatun:
11.08. kl. 1100 Gudsteneste og 40årsjubileum.
KONFIRMANT 2014
Velkomen som konfirmant 2014. Konfirmantar på
Voss og Evanger skal melda seg på via nettsida
vår: www.voss.kyrkja.no. Me ynskjer påmelding
før sommarferien.
Konfirmantar på Vossestrand får melding frå
soknepresten, John Ove Thaule, om korleis
påmeldinga skal skje.
Ny serie med sommarkonsertar
i Vangskyrkja juni-august 2013
av Magnus Kløften, kantor
I fjor prøvde me oss med ein serie av
sommarkonsertar i Vangskyrkja i perioden
medio juni til medio august. Det kom gode
tilbakemeldingar vedrørande initiativet,
tidspunktet og opplevingane generelt. Me prøver
å gjenta suksessen frå i fjor, og legg difor opp til
ei ny satsing for sommaren 2013.
Som i fjor vert det konsertar på onsdagar klokka
1400, med ei lengd på ca. 25-30 minutt. Alle
konsertane har fritt tilgjenge, men det vil vera
mogleg å gje ei gåve til det kyrkjemusikalske
arbeidet i soknet ved utgangen. Me har, mellom
anna, utgifter til artisthonorar og annonsering i
samband med desse konsertane.
Fyrste konsertdato vert 19. juni, og så vert det
kvar veke heilt fram til og med 14. august. Me
oppmodar alle som har tid og anledning til å få
med seg desse godbitane i sommar. Sjå nærare
informasjon i avisa Hordaland i forkant av kvart
einskild arrangement, samt plakatar på utvalde
stader.
Vel møtt til gode musikalske opplevingar på
historisk grunn!